Anders Svor-museet

@anderssvormuseum

Ei museumsperle ved Hornindalsvatnet🌊 Vigd bilethoggaren Anders Svor(1864-1929) Del av @vitimusea_
Followers
91
Following
26
Account Insight
Score
16.1%
Index
Health Rate
%
Users Ratio
4:1
Weeks posts
Lite visste vi kva som skjulte seg i denne gamle margarineska. 🪎 Gøymd bort på Anders Svor-museet fann vi ei eske full av gamle glasnegativ som viser skulpturane til Svor – og det vi trur kan vere referansefoto til nokre av skulpturane hans. Eit glasnegativ er ein tidleg fotografisk metode der motivet er eksponert på ei glasplate belagd med lyskjensleg materiale. Metoden vart hovudsakleg brukt frå 1850-åra og fram til rundt 1950. Platene er svært skjøre og krev varsam handtering og oppbevaring. Med varlege hender har vi derfor pakka dei inn i spesialpapir for konservering. Denne skjøre skatten er no trygt bevart 💚
17 0
9 days ago
Å konservere er å bevare 🌿 I 2024-2025 gjorde skulpturkonservator Joanna Hench og teamet hennar ei omfattande tilstandsvurdering over 600 gjenstander på Anders Svor-museet. Dette arbeidet er særs viktig i Viti sitt vidare arbeid med å gjere Svor-samlinga meir tilgjengeleg. Her studerer Joanna «Ung pike», ein gipsskulptur frå 1895. Visste du at mange av skulpturane i museet er laga av gips? Eit viktig moment i ei tilstandsvurdering er mellom anna å kartleggje alle små og større sprekker i det skjøre materialet, slik at ein kan sikre tryggast mogleg løft og flytting av verka.
12 0
23 days ago
Eit lite tilbakeblikk på fjorårets sesongførebuingar! 🌿 Vi sjåast igjen i juni. Har du besøkt Anders Svor-museet før? Ta turen til Grodås i Hornindal — ei perle vel verdt eit stopp på norgesferien!
21 1
1 month ago
Kva med ein liten påsketur i skulpturparken? 🌿 Anders Svor-museet ligg idyllisk til ved Hornindalsvatnet, og den arkitektteikna bygninga frå 1953 er omgitt av ein vakker skulpturpark. I juni opnar vi for sesongen, og skulpturparken er open heile tida. Perfekt for ein roleg vårtur mellom kunstverka! 1. Marius Beck Dahle/Viti 2. Kristin Støylen/Viti
9 0
1 month ago
Er du vår nye kollega? Viti søkjer ein engasjert og serviceinnstilt museumsmedarbeidar til ei 40 % fast stilling ved Anders Svor-museet. ✨ Søknadsfrist 10. april! Les meir om stillinga, og sjå fleire ledige stillingar hos Viti via lenka i bio! 🔗
4 0
2 months ago
Våren er her, og vi gleder oss allerede til sommeren og til å åpne museet for nye besøk 🌱 I mellomtiden kan du bli bedre kjent med den fascinerende historien til Anders Svor(1864-1929). 👇 Anders Svor ble født inn i en bondeslekt som i generasjoner hadde verdsatt godt håndverk. Blant annet var det lang tradisjon for treskjæring, og aktiviteten slo tidlig an hos unge Anders. Dette ble starten på et kunstnerliv som senere førte til Kristiania, København og Paris. ✨🎫 Les om Anders Svors liv og reiser i kunnskapsartikkelen skrevet av kurator Håvard Holmefjord — se link i bio! Foto: Marius Beck Dahle/Viti
10 0
2 months ago
Siste sjanse! Hausten har kome på forskot — men det er perfekt museumsvær. 🌬️ Onsdag og torsdag er siste sjanse til å vitje museet denne sommarsesongen. Ope 11-16. Velkomen inn!
4 0
9 months ago
Anders Svor sine portrettbyster gir eit unikt innblikk i både menneska og tidsånda han levde i. Motiva spenner frå offentleg kjende personar til nære relasjonar – som portrettet av si eiga farmor. 🖼 Portrettlikskap er sjølvsagt viktig, særleg for private kundar, og vi ser at dette var noko Svor meistra heilt frå starten. Når det gjeld stil og bruk av ulike verkemiddel til dømes for personkarakteristikk, er Svor fullt og heilt, i ei god blanding, eit produkt av lærarane sine, då kanskje spesielt Vilhelm Bissen. Svor laga bystene både etter modellar og etter fotografi. Dei fleste motiva er av kjente personar som hadde hatt sentrale og viktige posisjonar i samfunnet. I dei offentlege portretta kunne han lettare briljere med verkemiddel som karakteriserar både stand, stilling og personlegdom utan å fornærme nokon. Svor nyttar verkemiddel som heidrar motivet meir enn å gi kritiske eller negative karakteristikkar. 1. Foto: Marius Beck Dahle/Viti 2. Portrett av Sigrid Undset (1882-1949). Datering 1928. Byste laga same år som ho fekk Nobelprisen i litteratur. 3. Brit Svor (1808-1888). Datering 1885. Kunstnaren si farmor. 4. Roald Amundsen (1872-1928). Datering 1928. Svor har laga fire ulike versjonar av Amundsen. Denne versjonen finst òg i gips ved Norsk Sjøfartsmuseum.
2 0
9 months ago
Visste du at Anders Svor utmerka seg som treskjerar alt i ung alder? 🤩 No inviterer vi barn og unge til å prøve seg på treskjering sjølve — omgitt av kunsten til Svor. Velkomen til eit introduksjonskurs i treskjering for barn i alderen 10–15 år med treskjerar Lara Domeneghetti! 🎟️ Laurdag 2. august kl.12 🎟️ Pris: 100 kr per deltaker. Finn billett på vitimusea.no/arrangement. Kun 12 plassar! 🎟️ Utstyr: Vi stiller med alt du treng! Lara Reisigl Domeneghetti har over 12 års erfaring innan kunsthandverk, med bakgrunn som dekorasjonsmålar og treskjerar i Italia. Ho er spesialisert innan historisk og ornamental skulptur, og brenn for å bevare tradisjonelle handverk. Lara formidlar kunnskap gjennom kurs og foredrag både nasjonalt og internasjonalt.
8 0
10 months ago
Ei ny veke på Anders Svor-museet er rett rundt hjørnet! Vi held ope i sommar frå onsdag til laurdag, kl. 11-16. 🌿 Anders Svor-museet ligg idyllisk til ved Hornindalsvatnet. Den arkitektteikna bygninga frå 1953, omgitt av ein vakker skulpturpark, er vigd bilethoggaren Anders Svor. Foto: Marius Beck Dahle/Viti
9 0
10 months ago
YKS Ung «Røyster» spelar i morgon 29.juni på @anderssvormuseum kl 12 og 14. Alle foto @this.is.mateofilms
128 0
10 months ago