Lite visste vi kva som skjulte seg i denne gamle margarineska.
Gøymd bort på Anders Svor-museet fann vi ei eske full av gamle glasnegativ som viser skulpturane til Svor – og det vi trur kan vere referansefoto til nokre av skulpturane hans.
Eit glasnegativ er ein tidleg fotografisk metode der motivet er eksponert på ei glasplate belagd med lyskjensleg materiale. Metoden vart hovudsakleg brukt frå 1850-åra og fram til rundt 1950.
Platene er svært skjøre og krev varsam handtering og oppbevaring.
Med varlege hender har vi derfor pakka dei inn i spesialpapir for konservering.
Denne skjøre skatten er no trygt bevart 💚
Laurdag 18 april kl 12-14 inviterer vi små og store til open båt på den staselege bankskøyta Storeggen av Aalesund, som i desse dagar ligg ved kai i Volda.
Ta med familie og vener, kom om bord og opplev denne historiske skøyta på nært hald.
Vi byr på kjekk båtprat, utforsking av skøyta – og moglegheit til å prøve hengekøyene under dekk!
Velkomen - vi gler oss til å sjå deg!
#vitimusea #kystkultur #volda #voldakommune #storeggenavaalesund
Vil du arbeide med norsk møbeldesign og møbelindustri – ei av Noregs viktigaste designnæringar? ✨
Vår førstekonservator ved Møbelmuseet skal gå av med pensjon, og Viti søkjer no etter ein fagleg sterk og engasjert seniorkurator/kurator som skal ta over arbeidet med kunnskapsutvikling, formidling og samlingsutvikling knytt til fagfeltet.
Stillinga som seniorkurator/kurator er plassert i avdeling for kunst og design i Viti, og har sitt faglege tyngdepunkt ved Møbelmuseet i Sykkylven. Der får du ei sentral rolle i å forvalte og utvikle museet sitt arbeid med møbeldesign og -industrihistorie. Samtidig vil du vere del av eit større fagmiljø i Viti og kunne bidra i prosjekt på tvers av musea i organisasjonen.
Søknadsfrist 5.mai, sjå link i bio!
Er du i 📍Volda i helga? Laurdag 18. april kl. 12–14 inviterer vi små og store til open båt på den staselege bankskøyta Storeggen av Aalesund, som i desse dagar ligg ved kai i Volda.
Ta med familie og vener, kom om bord og opplev denne historiske skøyta på nært hald.
Vi byr på kjekk båtprat, utforsking av skøyta – og moglegheit til å prøve hengekøyene under dekk!
Velkomen – vi gler oss til å ta imot deg 💙
I 2026 markerer Viti 10 år med Storeggen av Aalesund. Bankskøyta er ein del av museet sine flytande kulturminne og ein viktig formidlar av kystkulturen i regionen.
Eventyret starta i mai 2014, då bygginga av ei ny bankskøyte tok til på Prestebrygga i Ålesund. To år seinare vart skøyta sjøsett – som ein tru kopi av ei bankskøyte frå 1890-åra, opphavleg bygd ved Liaaen-verftet.
Foto: Audun Røhnebæk Stikbakke
#storeggenavaalesund #kystkultur #bankskøyta #vitimusea #volda
I dag opnar vi dørene kl 11.00 med gratis inngang for alle barn, unge og vaksne ved Jugendstilsenteret og Sunnmøre museum.
I ein krevjande situasjon ønskjer vi å bidra med det vi kan: å vere ein open og trygg stad å komme til.
På begge musea kan ein vere med på rebusløype og verkstad for barna, i museumskafeane er det spel og teiknebord.
Hos oss kan du stikke innom, ta ein pause, vere saman med andre – eller berre vere. Det er rom for både fellesskap og stillheit ❤️
Foto: Kristin Støylen / Viti
#sukkertoppen #ålesund #sunnmøremuseum #jugendstilsenteretogkube #vitimusea
Gratulerer med kvinnedagen!
Ei av dei som har vore med å kjempe for kvinner sine rettar er Synnøve Riste f. Aarflot (1858-1889) frå Volda.
Ho ville utdanne seg, oppleve verda og ta del i å forme det nye Noreg, der landsmål og allmenn røysterett stod sentralt. Saker der mange meinte at kvinna si rolle var å støtte mannen, eit kvinnesinn var ikkje eigna til strid. Dette var Synnøve djupt usamd i.
I utstillinga EG VAR HER på Sunnmøre museum kan du lære meir om kvinnesaksforkjemparen Synnøve Riste.
Foto: Ukjent / Viti sine samlingar
#8mars #kvinnedagen #vitimusea #sunnmøremuseum
Ny skipper i Viti 🎉 Marie Vermesch er tilsett som skipper for dei store fartøya til museet, bankskøyta Storeggen av Aalesund og fiskekuttaren MK Heland.
Marie er ein erfaren skipper, mellom anna frå Hardanger Fartøyvernsenter. Ho har også god erfaring med Viti sine farty og førte MK Heland saman med frivillige over til Shetland i 2025, i samband med frigjeringskonvoien, 80 år etter andre verdskrig.
- Med Marie er vi sikra trygg drift av båtar og kystkultur og ikkje minst får vi ein tilsett som har svært godt samarbeid med våre driftige frivillige, seier administrerande direktør i Viti, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.
Rotevatn var også med som mannskap saman med Marie Vermesch under Shetlandskryssinga.
Viti er ein av Noregs største formidlarar av kystkultur og flytande farty med 10 operative båtar. Det er strenge sikkerheitskrav for å kunne føre born og skuleklasser i båtar på hav og fjord.
- Straks startar båtsesongen, med Borgundfjordfisket som vårens store eventyr. I løpet av året vert det opplevingar for skuleklasser og publikum med segling og roing, fleire stader på Sunnmøre, seier Rotevatn.
Bilde: Marie Vermesch (midten) etter overfarten med frivillige på Shetland med MK Heland.
Foto: Viti
#skipper #kulturminne #kystkultur #storeggenavaalesund #mkheland #frivillighet #fiskerimuseet #sunnmøremuseum #vitimusea
Verdas beste rullpølse 😍
"Når arbeidet med årets utgåve er i gang, kjem førjulsstemninga snikande inn i huset, i fleire etappar. For ein må starte i god tid, om ein skal gjere slik formødrene gjorde det. Det var ikkje gjort på ei lita kveldsstund"
For artikkelforfattar og museumspedagog i Viti, Magnhild Vatne, lever mattradisjonen framleis i familien ❤️
Les artikkelen «Verdas beste rullpølse gir julestemning i fleire etappar» - sjå lenke i bio/kunnskap
Foto: Magnhild Vatne/ Viti
#jul #tradisjonsmat #vitimusea
@artsdatabanken har nyleg oppdatert Norsk raudliste for naturtypar. Oversikta viser kva naturtypar som har risiko for å gå tapt i Norge. Desse er kritisk trua og krev tilpassa skjøtsel. Slåtteenga i Brudavolltunet, inngår i raudlista som semi-naturleg eng, og er ein utvalt naturtype etter naturmangfaldlova.
I Brudavolltunet tek vi vare på slåtteengane med støtte frå Statsforvaltaren, i tråd med skjøtselsplan tilpassa staden. Slåtteeng er ein viktig levestad for mange planteartar, insekt og mikroorganismar. Hos oss blir enga både slått og beita, og slåtten gjennomført seint for at blomstrane får satt frø, og insekta får mat. #brudavolltunet #artsdatabanken #naturtyper #slåttenga #ørsta
Foto: Magnhild Vatne / Viti
Vi markerer Frivillighetens dag og roper eit rungande hurra for alle dei dyktige dugnadsgruppene og vennelaga i Viti! 🎉
Stor takk til kvar og ein av dykk for det viktige arbeidet de legg ned gjennom året! Ein innsats som gjer det mogleg å gjennomføre aktivitetar og arrangement som styrkjer både fellesskap og formidling❤️
Og allereie førstkomande søndag stiller mange av dykk igjen – under den tradisjonelle Førjulssøndag på Sunnmøre Museum.
📸 Dugnadsgruppa Helands venner har gjort ein imponerande innsats med å klargjere MK Heland før avreise til Shetland og markeringa av Frigjøringsåret 2025.
Foto: Siw Solvang/ Viti
#frivillighet #venelag #dugnad #frivillighetensdag #vitimusea
📣TRIUMF! NÅR FOTBALL OG KUNST BYTTER ARENA. ⚽
Som kunstmuseum ønsker vi å være tilgjengelige for alle. For mange kan terskelen for å oppsøke museer likevel være høy. Men hva skjer om kunsten heller kommer ut til deg – for eksempel til en fotballstadion?
Vi har invitert kunstkollektivet Alt Går Bra til Ålesund. De skal samarbeide med AaFK - Aalesunds FK, unge kunstinteresserte og supportere. I prosjektet vil kunsten komme til stadion og fotballen til museet – hva kan oppstå når de møtes på hverandres hjemmebane?
Vi har gjestet Nrk Møre og Romsdal for å snakke om prosjektet! 🎧 Hør innslaget og les mer om prosjektet – lenker i bio!
Foto: Alt Går Bra
Sommer + onsdag = omvisning! ☀️
Hver onsdag i sommer tilbyr vi korte omvisninger og arkitekturvandringer.
I morgen kan du bli med på:
🕐 Omvisning i Jugendstilsenteret kl. 13
🕑 Omvisning Flukt-Frihet. Sidsel Colbiørnsen kl. 14
Omvisningene holdes på engelsk og er inkludert i inngangsbilletten til museet. Velkommen!
1. Fra Jugendstilsenteret. Foto: Johan Holmquist/Viti
2. Sidsel Colbiørnsen, Flukt-frihet , 1983. Foto: Johan Holmquist/Viti