I går kveld fekk over 50 stykk i ein fullsett Antonfloren ei magisk stund med Thom Hell på Stormkonsert #26. Nydelege tekstar og melodiar varma publikum i eit heller kaldt maivêr. Fantastisk!
30 personar tok turen til Stormkonsert #25 i Antonfloren i går kveld med dePresno. Det var kjøleg i låven, men musikken gjorde kvelden varm likevel.
Det vart ein kveld med gåsehudstemning, nydeleg musikk og sterke, morosame og rørande historier mellom låtane. dePresno formidla på ein heilt fantastisk måte og hadde fin kontakt med publikum.
Tusen takk for ein fantastisk Stormkonsert og ein kveld me kjem til å hugse lenge ❤️
Det blir travelt i Antonfloren i vår. Stormkonsert #25 blir arrangert allereie laurdag 14 mars. Og eg er stolt av å kunne ynskje velkommen til dePresno!
dePresno har i over eit tiår vore ei av Noregs mest særeigne popstemmer. Med den djupe, sjelfulle vokalen sin og sterk historieforteljing balanserer han det emosjonelle med det underhaldande på ein måte få andre gjer.
Sidan gjennombrotet med «Hide and Seek» i 2016 har han levert kritikarroste låtar som «Too Fucked Up To Love You», «Trust» og «See You Soon», samt albuma Technicolor, Monochrome og Places. Bergens Tidende har kalla han «ein av landets beste popsolistar».
dePresno er ein naturleg liveartist, med sjølvironi, nærvær og evne til å fenge publikum – anten det er på by:Larm, Bergenfest, Slottsfjell eller som support for AURORA. Hausten 2024 fylte han Håkonshallen i Bergen for tredje år på rad.
Våren 2025 nådde han ut til eit breiare publikum gjennom Stjernekamp, der han imponerte i sjanger etter sjanger og enda på ein sterk andreplass.
Uansett scene leverer dePresno opplevingar som varer – både i hjartet og i minnet.
Ta godt imot ein av landets beste låtskrivarar. Med seg har han Ronny Yttrehus på gitar.
Konsertstart kl 18.00
Dørene opnar 1 time før
Billettpris kr 375 kr
Påmelding til [email protected]
Velkomen ❤️
THOM HELL I ANTONFLOREN. Laurdag 2 mai kl 1930 er det klart for STORMKONSERT #26.
Thom Hell har gjennom ei årrekkje vore ein av Noregs mest populære og produktive artistar. Som songar, produsent og låtskrivar har han gjeve ut tolv studioalbum, motteke tre Spellemannprisar, sjarmert heile Noreg i «Hver gang vi møtes» og vunne «Det store korslaget». Plata «Happy Rabbit» vart motteken med ståande ovasjonar av britisk presse. I 2019 gav han ut tre album, i 2022 gav han ut to, og i 2023 gav han ut eit dobbeltalbum – alle fekk strålande kritikkar.
Thom Hell har ein lang og innhaldsrik karriere bak seg og har gjennom åra vorte ein velkjend og godt likt artist. Ved sida av eigne utgjevingar har han medverka i ei rekkje suksessrike samarbeid, mellom anna med artistar som Marit Larsen, Jonas Fjeld, Marion Ravn, Jonas Alaska, Marte Wulff og Larkin Poe. Thom hentar mykje inspirasjon frå 60- og 70-talet, og med utgangspunkt i denne forankringa har han arbeidd fram eit særeige og velklingande musikalsk uttrykk.
Med album nummer 13, «Candy», feirar no Thom Hell 20 år som artist. Med ferske utgjevingar i bagasjen kjem han til å gjennomføre ein omfattande turné.
Denne kvelden kjem Thom Hell i duoformat, der han har med seg Ronny Yttrehus på gitar.
Billettpris 350 kr. PÅMELDING TIL: [email protected]
Stormkonsert #24 med The Norwegian mountain band blei ei uforgløymelig, nær og nydelig oppleving i Antonfloren ❤️ Tusen takk Inga og Torstein ❤️ Tusen takk til 28 fine folk som kom og gjorde kvelden ekstra fin🤗
Endelig klart for ny Stormkonsert #24 ❤️ Fredag 25 april kl 19.30 kjem THE NORWEGIAN MOUNTAIN BAND til Antonfloren 🙌 Dette gler eg meg skikkelig til.
Konserten kostar 250 kr.
Påmelding til [email protected]
Omtale:
The Norwegian Mountain Band er ein musikalsk duo beståande Torstein Kayser og Inga Klepp Bjørndal. Dei skapar ein unik lyd ved å blande afrikanske rytmar med den melodiske klangen av hangdrum og gitar. Tekstene deira er djupt forankra i kvardagen og opplevingane deira, noko som gir musikken ein ekte og relaterbar kjensle. Dei ønskjer å ta publikum med på ei reise gjennom musikken, der dei deler historier og kjensler som alle kan kjenne seg igjen i.
10 årsjubileum ❤️ Tenk det! Mars 2014 vart fyrste Stormkonsert arrangert i hytta på Hovden ut mot det ville Stadhavet, sidan den gong har det blitt, 23 konsertar, 40 artistar, 9 ulike spelestader, i toppen av Selja kloster, Kråkenes fyr, naust, indre og ytre Fure, plattingar omkransa av Sunnmørsalpane (Alpekonsert), alle stadar unike ❤️ Dei aller fleste har likevel vore i Antonfloren ❤️ det har vore mykje forskjellig musikk, folkemusikk, pop, rock, vise, elektronika. Det var kjekt å utvide med country og bluegrass på jubileet. Misery & Company holdt ein magisk Stormkonsert #23 for 30 heldige frammøtte, tusen takk til @miseryandcompanybluegrass og tusen takk til alle som kom ❤️ Tusen takk til tidlegare Stormkonsertartistar ❤️Veldig takknemlig ❤️
Neste fredag 31 mai kl 20, står denne vesle karen klar i tunet og tek imot deg til Stormkonsert #23 med @miseryandcompanybluegrass ❤️ meld deg på: [email protected]
250 kr.
Me gledar oss 🙌