For eit eventyr dette har vore! Torsdag 5.oktober stod me på toppen av Afrika, Uhuru Peak, 5895 moh. Me klarte det☺️
#hvitserk #toppenavafrika #uhurupeak #5895m #eventyr #adventureisoutthere #hiking #toppstøt #kilimanjaro #tanzania #fjelltur #ulvang #hestra #crispisince1975 #crispi #norrøna #rab #utno #mittfriluftsliv #sognavis #godmorgennorge #mittporten #liveterbestute #mountains #evansadventures #iclimbedkilimanjaro @i_climbed_kilimanjaro
So mange kjensler på denne 8 netter lange teltturen i Indiske Himalaya!
Å nå toppen av Stok Kangri 6153 moh er ei veldig stor bragd for meg🙏🏼🤩 Utruleg tungt og slitsomt på toppstøtet. Eg visste det ville bli ille, men det var enda verre...🙄😉 Sit att med så mange inntrykk etter reisa i India. Mykje tungt, og mykje godt. Gode turvenner har me fått, frå nord til sør. Dei var med og gjorde turen til topps leveleg. Godt humør, masse skravl når eg sjølv ikkje hadde pust til å prate, medkjensle og tryggleik.
For eit eventyr dette vart! No set eg pris på å vere tilbake i fine heimbygda mi, ei god seng, ein varm dusj, norsk mat og normale høgder☺️
———————————————————
@hvitserkeventyr #hvitserkeventyr #stokkangri #india #indiskehimalaya #himalaya #leh #ladakh #stokkangri6153m #mestring #glede #slit #tungesteg #toppstøt #ferie #sognavis #mittporten #høgderekord #nyehøyder #utinaturen #godmorgennorge #tårenerant #rab #norrøna #crispinorge #fjelltid #liveterbestihøyden (nehei😂)#utemagasinet #ukebladethjemmet #taramagasin
«Midtpådagentur» til Fremre Hjelledalen i dag. Flott tur, fint å gå no.
Omlag 9,6 km og 711 høgdemeter totalt går det med på denne turen.
Byrjar å bli grønt og frodig nedst i dalen no. Kjempeflott☘️🙏🏼 Men høgre oppe må me vente ei stund til.
Det var ikkje som eg håpa, men meir som eg frykta; snøen ligg framleis på siste flata før seli i Gravdalen, etter Skosteinen. Men det gjekk no greitt å kome seg fram likevel- tok berre litt lenger tid☺️
Me gjekk opp via Avdalsskåri og ned igjen “normalvegen”.
Det var solskin som heta oss store deler av turen, og det trengtes i vinden! Samstundes med sol, var det også snø i lufta- april herjar på ja😅 Av med jakka, av med hals, av med hanskar, på med alt- hetta og! Av igjen! 😆🤣
Føremiddagstur oppover solsida til Botnanosi i dag. Opp Fardalssida og nedatt om Ramneberg.
Stoppa ved Sprekisvarden på 1000 moh.
Tok med meg niste og hadde ein pause i eige selskap på toppen. Godt!
Første turen dit i år! Bart og turt å gå.
Flott vårdag! Eg er glad eg tok turen, det er vel sjeldan ein angrar på det😉
Det er ikkje så ofte me tre søstrene er samla! Derfor var det ikkje nett stille i bakkane på tur i dag😉😆😅 Praten gjekk og vinden herja skikkelig med oss, innimellom ein og anna liten solgløtt. April veit du😉
Ramneberg er ein passeleg kort tur til dette formålet, og utsikten er rå🤩 Det er dei to søstrene mine og🥰🥰
For ein fantastisk fin vårdag me fekk i dag☀️
Eg kledde meg sjølvsagt altfor godt, jakka kunne hengt att heime, hanskane og…😆😅Sitte der i solveggen på Åsen, kjenne varmen frå solstrålane no på våren- DET er ikkje oppskrytt🙏🏼
For min del er våren den aller beste årstida💚 God helg!