Ranglerock

@ranglerock

Followers
1,355
Following
404
Account Insight
Score
26.71%
Index
Health Rate
%
Users Ratio
3:1
Weeks posts
Artistane er plassert og dagspassa er i sal! Det blir🔥Sjekk ut programmet og sikra deg billett nå!
30 4
1 month ago
Dei gamle grekarane snakka om kronos, tida som bare renn, og kairos – augeblikket der tida står stille. For Andreas Rotevatn gir rangling kairos. Så heldig då, at han kjem og spelar på Ranglerock i sommar🎶🌞 Men kva gir kairos for deg? #bryne #jæren #festivalsommer #norskrockpånorsk #musikk
11 1
8 days ago
1. mai – Evig Ferie Nei – det er ikkje vår parole i 1. mai‑toget på Bryne i år. Evig ferie er draumen om eit arbeidsliv som gir meining og overskot. Til å leva. Til å vera med. Til å bidra. Me ønskjer eit arbeidsliv som er så godt balansert mot resten av livet at det også er rom for frivillig innsats, fellesskap og engasjement. Difor feirar me 1. mai med frivilligfest på Hvelvet / Kulturbanken: – konsert med Evig Ferie – farsekanapeer – proletarbrus 🎟️ Gratis inngang for alle våre frivillige Vil du heller bruka litt av løna di på billett? Heilt topp det òg – solidaritet kjem i mange former. Og ja: Me stiller oss bak alle parolane i årets 1. mai‑tog på Bryne: • Lik lønn for alle kjønn • Fritt Palestina – boikott Israel • Bekjemp fattigdom og aukande forskjellar • Nei til krig! Nei til atomvåpen • Levande bygder – aktivt landbruk • Støtt klima‑ og miljøkampen 12:00 Toget starter fra Røde kors huset. Velkomen til Evig Ferie Konsert kl. 21.00 Farse og drøs frå 20.00
6 0
16 days ago
Bli kjend med: Yndling kombinerer draumeaktig shoegaze, triphop-impulsar og melankolsk indie i eit uttrykk som hentar inspirasjon frå fortida, men med ei ny retning som peikar framover for sjangeren. Med distinkt vokal og atmosfæriske produksjonar har Yndling raskt vorte trekt fram som ei av dei mest lovande nye stemmane innan europeisk draumepop i 2025. Musikaren og produsenten Silje Espevik har saman med bandet skapt eit særegent musikalsk univers som gjer seg internasjonalt bemerka. Albumet Time Time Time (I’m in the Palm of Your Hand) er prosjektets andre fullengdar og markerer eit tydeleg kunstnarisk og kommersielt gjennombrot. Me ser fram til å drøyma oss vekk med Yndling til sommaren! #dreampop #jæren #bryne #festivalsommer
13 0
17 days ago
Tjoho! Fredag, 1.5 blir det frivilligfest på konserten med Evig Ferie i Hvelvet. Alle som er lagt inn i frivilligskjemaet til då får gratis inngang og ei farse. Husk å meld deg inn sjøl om du alltid jobbar og ikkje pleier registrera deg. Bruk skjemaet her, eller send ei melding til Trine Nesse https://ranglerock.no/bli-frivillig/ #festival #bryne #jæren #jillt
24 1
18 days ago
Litt jazzpop frå Undheim er aldri feil🧊🔥#bryne #festival #jæren #norskrockpånorsk
14 2
22 days ago
🌱 Det går mot vår – og blomstring også i konsertsesongen! 🌱 Her er eit par konsertar me verkeleg vil tilrå denne fine tida: 🎶 Torsdag 23. april kjem Vilde Bye til Storstova med nydeleg country-/folkpop. Ho har blitt samanlikna med mellom andre Adrianne Lenker og Townes van Zandt og syng òg duettar med Dagh Vagle. Vilde Bye har vore å sjå fleire gongar på Egersund visefestival – og no er det Bryne sin tur. 🎤 Same kveld kan du også oppleva mannen, myten og legenden Olav Madland, aka Keegan frå Silo & Saft. På Bekkis spelar han sine favorittlåtar saman med Byorkesteret – om Froddien var ein avløysar frå Varhaug er du framleis bare halvegs til denne opplevinga. 🏄‍♂️ 1. mai er det klart for gjensynsglede når surfpoprockarane Evig Ferie kjem tilbake til Hvelvet, etter den fabelaktige avslutningskonserten deira på Ranglerock i 2023. 👉 Denne kvelden køyrer me òg Ranglerock kick-off / frivilligfest – står du på frivilliglista vår innan då, blir det gratis konsert og farse på deg 🙌 🎸 Hvelvet har levert ei lang rekke tøffe rockekonsertar i vår, og avsluttar sesongen knallsterkt med punkrockheltane Oslo Ess, med Lokal Valuta som support. Dette blir ein kveld i rockens teikn – rett og slett. Vi sjåast framfor scena! 🔥🎶 @followers
5 1
25 days ago
Funny because its true, litt løye og.🦊Mikkel/DC #acdc #rock #folkrock #norwegianfiddle #ranglerock
7 0
1 month ago
God musikk, gode folk og god stemning. Sikra deg billett nå!
36 3
1 month ago
Så masse god musikk, og folk, og stemning🔥
8 0
1 month ago
#festivalsommer #indierock #altrock #norskrock
7 0
1 month ago
Endeleg kan me sleppa årets Ranglerock‑plakat! Med plakaten kjem også eit knallsterkt og variert program – fullt av musikk me er skikkeleg stolte av, og som me gler oss enormt til å dela med dykk. Plakatdesignet er signert Thomas Moe Ellefsrud, som no er inne i sitt tredje år med Ranglerock. Det merkar ein godt. Ser du nøye etter, finn du fleire fine detaljar frå Bryne – og Ranglehistoria. Thomas kjem også i sommar til å fotografera på festivalen, og me gler oss til å sjå hans blide åsyn igjen.. Ranglerock handlar om å samla folk rundt ny musikk – på tvers av sjangrar, men med auge for det som er nyskapande, utfordrande og alternativt. Musikk du ikkje blir lei av etter første lytt, men som får deg til å spissa øyrene, som engasjerer, rører – eller får deg til å røre på deg. 🎧 Sjekk ut artistane der du høyrer musikk, eller via spelelistene våre 📢 Hjelp oss gjerne å spreia den glade bodskapen til dine musikkelskande vener Me gler oss til ein ny sommar med Ranglerock 💛#festivalposter #rock #festivalsommer #norskrockpånorsk
116 2
1 month ago