God 17. mai frå FolkOrg 🇳🇴
Vi ønskjer alle ei strålande nasjonaldagsfeiring!
Fotografi av Hardanger Spelemannslag, vinnarar av Lagdans junior under Landskappleiken 2025 i Eidfjord.
📸 Anders Medhus / Hallingcast AS
I går vedtok stortinget at momskomensasjonsordninga skal regelstyrast! Det er ei gladsak for alle friviljuge lag og organisasjonar! Les kommentaren frå dagleg leiar i FolkOrg, Aslak Brimi, om kva dette vil ha å si for laga i organisasjonen.
https://www.folkorg.no/nyhende/nyhende/2026-05-06-stortingsvedtak-5.mai-2026-regelstyring-av-momskompensasjonsordninga-for-friviljuge-organisasjonar
FolkOrg si årsmelding for 2025 kan du lese på nettsidene våre. Årsmeldinga er både ein gjennomgang og rapportering av høgdepunkt og viktig arbeid som har vore gjort gjennom året, og det er dokumentasjon og publisering av ulikt talmateriale og statistikk, tevlingsresultat, økonomi, og oversikt over tildelingar og utnemningar. Les heile årsmeldinga her: https://www.folkorg.no/nyhende/nyhende/2026-04-22-arsmelding-2025
Hør forskere og politikere diskutere sangens status og fremtid på Vega scene i Oslo torsdag 7. mai kl 08.30-09.30.
Velkommen! 🎶
Gratis frokost fra kl. 08.00.
Det nærmar seg helg, og sola skin. Det er godt med vårstemning, og godt er det at tevlingspåmeldinga til Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk er opna. Det er berre å melde seg på:) Og for å få ein liten flashback til fjorårets arrangement vil vi anbefale Folkemusikktimen på sundag. Da blir det eit program tileigna Landsfestivalen i gammaldansmusikk. Det er berre å gle seg til eit utval av det beste frå Landsfestivalen i Oppdal. God helg! #folkemusikktimen @john_ole_morken #landsfestivalenigammaldansmusikk @landsfestivalen
Norsk Musikkråd (NMR) inviterte til Musikkfrokost i dag på Folkets Hjørne. Det var interessante innleg frå Norsk kulturskoleråd, Kulturtanken og frå KS, og påfølgande panelsamtale leia av styreleiar i NMR, Bjørgulv V. Borgundvaag. Mellom anna vart det fokus på korleis vi kan få til endea betre og fleire samarbeid mellom kulturskulane og det friviljuge - noko som er veldig aktuelt for mange av våre lag. Dagleg leiar Aslak Brimi var der, ilag med nesteliar i styret Lene Furuli. Vi møtte også på andre kjente fjes frå feltet, her Torbjørn Lauen frå NU og Kjærsti Gangsø frå Studieforbundet kultur og tradisjon. Frå Stortingets Familie- og kulturkomite fekk vi ein prat med leiar Bente Estil (Ap), samt Morgan Langfeldt (FrP) og Haagen Poppe (H).
✨ Gåsehud fra Folkelarm 2025 – hør det igjen!✨
Opplev stemningen på nytt i Folkemusikktimen 🎶
Søndag 19. april sendte NRK Radio opptak fra to sterke showcasekonserter fra fjorårets Folkelarm:
Malmin med Åshild Vetrhus og Qvam/Plassen
📻 Hør programmet når det passer deg i NRK Radio-appen eller på
radio.nrk.no/serie/folkemusikktimen
✨ Relive Folkelarm 2025! ✨
Experience the atmosphere again in Folkemusikktimen 🎶
On Sunday, April 19, NRK Radio aired recordings from two standout showcase concerts from last year’s Folkelarm:
Malmin with Åshild Vetrhus and Qvam/Plassen
📻 Listen anytime in the NRK Radio app or at
radio.nrk.no/serie/folkemusikktimen
#folkelarm #nordicfolk #livemusic
@malminmedaashildvetrhus@bendiksq@synnove.plassen
FolkOrg inviterer yrkesutøvarmedlemmer til ei praktisk innføring i årsavslutning og skatt for sjølvstendig næringsdrivende – med folkemusikar og rekneskapsførar @elisehildrum
Meld deg på via lenkje i bio.
FolkOrgs aktivitetstilskot er nå ope for søknadar. Info og søknadskjema finn du her: https://www.folkorg.no/stonadsordningar/folkorgs-aktivitetstilskot
Dagleg leiar i FolkOrg, Aslak Brimi, var med Norsk Musikkråd til Kultur- og likestillingsdepartementet i går. Temaet for samtala med statssekretær Trude Storheim var dei ekstraordinære midlene til senking av terskelen for deltaking i musikkaktiviteter for barn og unge. Dette var midlar som kom i 2024 og 2025, men som ikkje vart vidareført i 2026. Norsk Musikkråd, FolkOrg, Ung i Kor, UNOF og Norsk musikkorps forbund fortalte om kor mykje bra som kom ut av desse midlene, og kor nyttige og målretta dei var for arbeidet i lokallaga. Kanskje kan vi håpe på at det kan kome nye og friske midler i 2027?
Korleis blir kompetanse vurdert i kulturskulen – og kva betyr det for lønn?
FolkOrg inviterer yrkesutøvarmedlemmer til digital panelsamtale om lønn, kompetanse og tariff i kulturskulen. Det blir korte innlegg, panelsamtale og rom for spørsmål.
📅 11. mars kl. 10.00–11.15
💻 Digitalt (Teams)
For meir info og påmelding sjå:
folkorg.no/utovar