Bli med i gjengen i år, du òg!💚
Meir info om å vere frivillig finn du på nettsida vår!
Og det er sjølvsagt berre å sende oss ei melding om du lurer på noko🥰
🎥: @christervoll
Snart festivalsesong❤️ Me gler oss til å sjåast igjen!
Både dagspass og festivalpass ligg ute for sal no!🎫Sjekk lineupen på heimesida vår!
📸: @viktorija.ge
Gratulera til Emma Johanne Helvik 🥳🥳🥳
Du vann trekninga av alle dei som har svart riktig på påskenøttene våre 🕵️
Her er også fasiten for dei som lurte på den. Tusen takk til alle som har sendt inn.
Fortsatt god påske 🐣
@emmahelvik
VINN BILLETTAR TIL FESTIDALEN
Siste oppgåve!
Sjå gjennom bileta, nummer 1 er rett, medan nummer 2 har feil.
Ser du kva som manglar?
Fem feil også denne gong.
Send oss DM for å vera med i trekninga om 2 festivalpass.
VINN BILLETTAR TIL FESTIDALEN
Her er oppgåve 2
Eitt bilete er originalen. Bilde 2 har fem små feil 🧐
Finn alle 5 og send oss svaret i DM.
Alle som svarar rett er med i trekninga av 2
festivalpass.
Du kan sende oss bilete eller tekst for å delta. Hugs å
ikkje sladre i kommentarfeltet 🤫
VINN BILLETTAR TIL FESTIDALEN
Påska er i gong, men i Uskedalen er det noko som skurrar 🙃
Eitt bilete er orignalen. Eitt har fem små feil 🧐
Finn alle 5 og send oss svaret i DM.
Alle som løyser påskenøttene er med i trekninga av 2 festivalpass. Me legg ut tre oppgåver gjennom påska.
Du kan sende oss bilete eller tekst for å delta. Hugs å ikkje sladre i kommentarfeltet 🤫
Dagsprogram for Festidalen er klart. Me serverer 10 fantastiske artistar og ein historisk fotballkamp, og du er velkommen ♥
Prisen på festivalpass stig 1. april, ingen aprilspøk 🙃
@admiralp_official er ein av Noreg sine mest folkekjære artistar. Kjend for sin særeigne miks av reggae og norskspråklege tekstar, med eit sterkt bodskap om kjærleik og samhold. Admiralen vaks opp og trakka sine tretten første år av livet i Zambia. Og varmen og livsgleda han har tatt med seg frå denne tida, treff det kalde nord mitt i hjarta. Karen har blitt streama over 150 millionar gongar, og krøpe inn under huden på Ola og Kari. Og live klinkar han til med energiske og hjartevarme show. Det ryk av scena og dampar av publikum. Alltid!
Vil du ha verdas beste sommarjobb i år?💚
Som festivalpraktikant får du jobbe med varierte oppgåver tilpassa det du har mest lyst til på ei rekke nydelege vestlandsfestivalar!
Dette er kjempegod erfaring å ha på CV-en for deg som drømmer om ein karriere i kultur-, musikk-, og festivalbransjen! Dessutan er det veldig gøy, du får bli kjent med mange hyggelege folk, og du får ein uforgløymeleg kjekk sommar☀️
I samarbeid med Mablis, Utkant, Tysnesfest, Bygdalarm og Festidalen🥰
@sultbandet er fem unge kompisar som har spelt saman sidan trehjulssykkel og hubba bubba. No veks dei seg store og sterke på same fôr som Dumdum Boys, Håkan Hellstrøm og CC Cowboys. Det er rock. Det er pop. Og det er fordømt catchy!