BALLETTSKULEN Ørsta og Volda

@ballettskulen

Klassisk, hip hop, jazz, contemporary. 350 elevar, 5 år + Ørsta/Volda, frå 5 år. Pedagogar @analu.zidko og @suthst og @reginebr
Followers
1,126
Following
256
Account Insight
Score
25.98%
Index
Health Rate
%
Users Ratio
4:1
Weeks posts
Vi inviterer til Dansekafè på Uppheim i Volda laurdag 21. mars. Her får du sjå fleire av gruppene våre danse, og det blir sal av mat og kaffi. Du kan også få kjøpe tombola og vinne fine premiar! Set av datoen! Vi gler oss til å sjå deg.
20 0
2 months ago
Ballettskulen inviterer til hip-hop-workshop fredag 20., laurdag 21. og sundag 22. februar. Undervisninga blir leia av Gabriella Adams Bratteberg og Oliver Zohore, som begge jobbar profesjonelt med dans i Oslo og København. Dei har brei og allsidig utdanning innan fleire stilar av hip-hop. Workshopen er retta mot elevar i alderen 13–19 år. Deltakarane blir delte inn i to grupper, og dersom det er ledig kapasitet, kan ein delta på begge workshopane – både hos Gabriella og Oliver. Pris – Kr 500 for ein workshop (7 timar) – Kr 800 for to workshop (14 timar) Takka vere støtte frå Møre og Romsdal sitt Regionale Kulturfond kan vi halde deltakaravgifta låg. Bindande påmelding tim Synnøve. tlf.nr. 913 26 967, før 2. februar. Hugs å skrive fullt namn. Skriv om du ønskjer å delta på eitt kurs (7 timar) eller to kurs (14 timar). Ved stor pågang kan det bli aktuelt å tilby plass på berre eitt kurs. Velkomen! Mvh Synnøve Biletet er screenshot frå Gabrielle sin Instagramkonto.
26 2
3 months ago
Denne helga får vi i Ørsta og Volda ballettskule besøk av den japanske Nae Nishimura Skaar som har dansa i Nasjonalballetten sidan hausten 2016. Ho skal ha ein tre dagar lang workshop med dei eldste klassiskdansarane våre. Før det gar ho arbeidd ved Theater Ballet Dortmund. Ho har dansa mange hovud- og solistroller i klassisk ballett, mellom anna som Gamzatti i La Bayadere og Martha i Giselle. Ho har òg dansa i ei rekkje samtids- og moderne verk av Jirí Kylián, William Forsythe, Mats Ek og Wayne McGregor. Allereie tre år gammal byrja ho å danse i heimbyen Osaka i Japan. I 2010 vann ho Australian Ballet School sitt stipend. Som 15-åring reiste ho til Australia for å studere ved ballettskulen der, og fekk som elev danse med Australian Ballet. Same året var ho finalist i Youth American Grand Prix i Japan, og i 2015 vann ho Bajazzo Dance Award i Dortmund. Svart-kvitt bilete: Den Norske Opera & Ballett Dei andre bileta: Dino Serrao
73 2
7 months ago
Takk til alle som deltok på sommarskulen vår! ✨ 5 dagar ✨ 30 timar ✨ 3 pedagogar ✨ 1 assistent ✨ 1 tolk ✨ 6 nykoreogragerte dansar ✨ 40 dansarar ✨ 1 altmogleg-dame ✨ 1 altmogleg-mann ✨ 80 i publikum avslutningsdagen @suthst @reginebr #juliarazvodova
58 2
10 months ago
Det er mykje som skjer både på scena og bak scena på eit ballettshow, men hadde du berre visst alt som skjer etter show! Alle kostyma som har vore i bruk skal vaskast og reparerast. Styret fordeler klesvasken mellom seg og vaskemaskinene rullar og går. Det er maaaange timar med klesvask…✌️Og vi i styret kosar oss med oppgåva og er takksame for kvar ein einaste dansar som har brukt kostyma🥰♥️ #ballettshow #behindthescenes #laundry
43 0
10 months ago
Klar, ferdig, PREMIERE🤩✨🎉 @analu.zidko @suthst
54 1
11 months ago
Straks klar for generalprøve og to show🤩 @analu.zidko @suthst
54 1
11 months ago
Vi i ballettskulen kviler aldri og er klare for ny framsyning! Laurdag 14. juni ser du «Divertissement» på Ørsta kulturhus, med klassisk og moderne dans. Koreogeafar: @analu.zidko og @suthst Framleis nokre ledige billettar; kjøp på Ørsta kulturhus si heimeside🌸 📸 @analu.zidko (grad 6 og 7)
56 1
11 months ago
No er det 1 1/2 veke til vi har premiere på «Innsiden ut» og vi har KUN att 66 billettar til dei tre framsyningane 6. og 7. juni🤩👍 Del gjerne innlegget vårt og klikk deg inn på @kulturhuset_orsta for å sikre deg ein av dei siste billettane👍
36 1
11 months ago
…og SÅ kom den hemmelege gjesten! Truls Svendsen fekk danse til heftige rytmer og tøff dans, i lag med dei dyktige dansarane i Ørsta og Volda ballettskule. Koreograf Regine Berg-Rusten; du er RÅ🥰 TAKK FOR DANSEN, @trulssv - vi dansar gjerne i lag med deg igjen🤩♥️ @reginebr
73 2
1 year ago
Tusen takk til DEG som kom på dansekaféen vår på Uppheim i Volda! Dette vil vi gjere til ein tradisjon🥰 #ballettskulenørstavolda #ballettskulen
70 1
1 year ago
Kom og bli med på dansekafé på Uppheim i Volda!
28 1
1 year ago